Kaos

Share

Dei store utfartshelgene i mai lagar kaos på vegane på Austlandet. Vi har site i kveld og venta på Rønnaug og familien, dei ville ha helga her og reiste frå Nittedal ved 18-tida. Då skulle dei vere her om lag ved 23-tida, kan hende noko seinare om det var mykje trafikk.

Men då vi snakka med henne i 23-tida, var dei bare kome til Drammen, så då snudde dei og reiste heimover att. Dei hadde tenkt at om dei blei seine, kunne dei overnatte hos Margunn på Sandøya, men siste ferje dit går klokka 24, og dei ville ikkje rekke den. Så enden på den turen var seks timar i bil og så var dei tilbake til start.

Det skal ikkje mykje til før trafikken stoppar opp. Eit lite uhell, punktering eller noko slikt, så står halve Austlandet i kø. Om det var det som skjedde denne gongen, veit eg ikkje, men seks timar frå Nittedal til Drammen, det er ein kork av dimensjonar.

Vi vonar dei finn det bryet verd å ta ut att i morgon og ønskjer dei velkomne til Mandal då. Vonleg unngår dei problem i samband med sykkelrittet Tour of Norway som i morgon skal sykle til Kristiansand.