Birgit Rike

Share

I går skreiv eg om faster til Birgit Rike Lund, namnesøstera hennar. Eg lova å skrive ein artikkel om henne når eg hadde funne ut litt meir.

I natt låg eg og funderte på dette og tenkte at eg må søke på ein annan måte, så då eg kom opp i dag tidleg, søkte eg på det nynorske ordet setlar – ho skreiv jo ned ord og uttrykk på setlar til Norsk Leksikografisk Institutt.

Då synte det seg at eg hadde artikkel om henne, men der var ho kalla Bergit, basert på ein artikkel i Jol i Setesdal. Då var det bare å lage ei peikarside, så vil ho bli funnen på Setesdalswiki både med det eine og det andre namnet.

I dag fekk eg også på plass liste over konfirmantane i Evje kyrkje komande helg. Etter kvart er det blitt mange slike konfirmantlister på Setesdalswiki, nokre av dei første konfirmantane har kanskje alt fått eigne artiklar også. For leksikonet veks, smått om senn. Om eg får gløden, er det sanneleg nok å skrive om. Men gløden er ikkje like sterk kvar dag, om eg skulle hatt løn for arbeidet til dømes med betaling pr. artikkel, ville det nok blitt smalhals mange gonger.

I dag vart eg i staden sitjande og sjå på TV, først på eit program på Nrk2 om overvekt, kan hende burde ein ete ein stor frokost og lite middag om kvelden, var noko dei snakka om. Og så var det eit svært interessant program om ein familie som kom frå Syria til Stavern og utviklinga deira. Det er mange røynsler folk har med seg som vi ikkje kjenner nå vi møter menneske frå andre kulturar. Det var eit tankevekkande program.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *