Meir om datoartiklar

Share

I det siste har det blitt mange datoartiklar på Setesdalswiki. I desse artiklane noterer me hendingar av ulikt slag i Setesdal, og i mai er det mange hendingar.

Mange tenkjer kanskje at då er ikkje leksikonet så interessant, men vi har vald å ta det med sjølv om det ikkje er tidlause fakta som står der, tvert imot.

Det krev meir å skrive ein artikkel om ein stad eller ein person. Men vi har fått nokre slike artiklar også.

Du kan finne oversikt over nye artiklar her

Når vårens varme i lufta vaknar;
du kanskje noko i tanken saknar.
Artiklar mange du finne kan
på denne wiki for møy og mann.

Men knapt om kjærleik er det du søkjer,
du ei i leksikon etterrøkjer.
Nei, då du bort må frå husets mur
og neppe leite på tastatur.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *