Meir om museet

Share

Sjølv var eg ikkje på opninga av utstillinga Spelsau og samspel på Setesdalsmuseet i dag, men det gjorde visst ikkje så mykje, for det var 120 personar som møtte opp. Det kunne Reidun fortelje då ho kom heim i kveld etter ein innhaldsrik dag i Setesdal.

Ho drog herifrå i 9-tida og stoppa på Evje for å handle hos Lars Kile, så eg fekk bonus då ho kom heim. Så gjekk turen til Valle, ho hadde med kofter til husfliden og kunne konstatere at dei hadde lite utval av setesdalsgensarar, så ho kunne visst bare halde fram med strikkinga.

Ettersom ho ikkje er så ofte i Valle, nytta ho høvet til å gå innom den nye coop-butikken før det var tid til å dra til Rysstad. Og der var det stinn brakke. Fleire helsingar og talar var det også før folk kunne sjå utstillinga og etterpå få seg suppe og lefse og marsipankake til dessert.

Framover er utstilinga open i museet si opningstid 10-15. Frå juni er det sommarope. Mange som er interesserte i strikking for tida bør benytte høvet til å sjå strikka plagg, ikkje bare gensarar, men strikka plagg til alle formål. Høve til karding og spinning var det også, og om ein hadde lyst til å prøve strikking, låg det til og med strikkepinnar framme som ein kunne nytte.

Spelsau og samspill

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *