Nytt hundretal

Share

I dag runda Setesdalswiki eit nytt hundretal med artiklar. Det tok si tid, over fem veker måtte til denne gongen. Det var ein datoartikkel som markerte 90700, så no er det bare knappe 300 att til eit nytt tusental.

Slik Setesdalswiki har utvikla seg, er datoartiklane blitt viktige. Der noterer vi hendingar når vi finn dei i avisa eller på Facebook. Denne gongen fann vi datoar for skyting i Årdal skytterlag og i Evje og Hornnes Jeger og Fiskarlag, respektive jegerprøve og leirdueskyting. Desse går frå no og utover til sommarferien og tek så til att i august.

Dersom skrivelysten held seg nokre dagar, håpar eg at det ikkje vil gå fem veker før vi når eit nytt hundretal på Setesdalswiki. Det går litt i bølger når det gjeld skrivelyst, men dei siste dagane har vore gode.

I dag funderte eg litt på om eg skulle skrive noko meir om setesdalsgenser. Det er jo utvikla nye modellar, Boa, Sokkeband, Plagg og Håvkrune. Dei er nokså eksklusive, for det er ikkje laga så veldig mange av dei, kan hende bare eit hundretals av kvar modell. Men mange synest dei er fine og skulle gjerne hatt ein slik genser. Det var ikkje så lett å finne noko informasjon, sjølv om Reidun nok har ei brosjyre ein eller annan plass. Så eg får sjå om eg finn noko etter kvart.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *