Setesdalsmuseet

Share

Fredag opnar ei utstilling på Setesdalsmuseet vigd til Annemor Sundbø sitt arbeid med tradisjonar innan tekstil. Der vil du finne utstillinga frå fillehaugen hennar, den ho fekk då ho kjøpte Torridal Tweed og fekk eit tonn med gamle strikkeplagg som skulle lagast shhoddy av. I staden tok ho til å forske på mønster og gav etter kvart ut fleire bøker om emnet.

Ei bok skal kome i vår, men ho blir ikkje ferdig til utstillinga opnar, så Randi Myrum, som var i Valle Radio i går kveld og fortalde om utstillinga, rekna med at det blei boklansering seinare, også den på Setesdalsmuseet.

Etter det eg fekk med meg, står utstillinga i det romet der det før var kraftverksutstilling. Den er teken ned, den har hatt si tid.

Opninga på Setesdalsmuseet er fredag klokka 14. Då kan alle kome innom for å sjå utstillinga, og som vanleg når det er utstillingsopning serverer museet suppe og lefse.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *