Uvêr

Share

I kveld var det slikt uvèr i Valle at då Niklos skule ta bussen for å kome i radioen, droppa han heile turen. Det lynte og tordna og regna, så han kunne ikkje bruke paraply, og å bli gjennomvåt før sending hadde han ikkje lyst til. Så då måtte Siri improvisere, og det var glitrande musikk ho hadde funne fram til erstatning for det Ludvig Nielsen-programmet Niklos hadde planlagt, Gloria av John Rutter.

I Kyrkjebakken-programmet fortalde Knut K. Homme om vandringa som Setesdal sogelag skal ha langs Kvinnåne i Homme laurdag. Han var ikkje klar over at det også er sykkelritt Kristiansand-Hovden den dagen og at det er mange trafikkrestriksjonar som folk må ta omsyn til om dei vil på vandring langs Kvinnåne.

Til slutt snakka Janne Johnsen frå Midt-Agder friluftsråd om møtet som skal vere på Sølvgarden om planane om Otra elvepark, eit friområde langs elva. Der kunne folk kome med innspel til aktuelle aktivitetar i tilknyning til elva.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *