Underleg

Share

Reidun har hatt eit enkeltpersonsforetak i samband med at ho strikkar setesdalsgenserar for Husfliden i Valle. Men etter at ho vart pensjonist, det tek til å bli nokre år sidan, har det ikkje vore aktivitetet der, så tidlegare i år fekk ho brev frå Brønnøysundsregisteret og at selskapet var sletta. Dersom ho var enig, trong ho ikkje gjere noko, og det var ho, så ho gjorde ikkje noko.

Men så tok det til å kome nye meldingar om at ho måtte gå inn på altinn.no om ho ville sjå kva brønnøysundregisteret hadde gjort, noko som ho eigentleg ikkje var interessert i, men ettersom meldingane kom med jamne mellomrom, gjekk ho inn og fann ingenting.

I dag tok eg telefonen og ringde til Brønnøysundregisteret. Etter å ha venta 12 minutt på å kome fram til ein hyggeleg mann og fortalt kva problemet var, fekk eg vite at dei hadde ei slik rutine i samband med avvikling av eit selskap. Dei sender mange påminningar om at selskapet er sletta, eg fekk i grunnen ikkje vite kvifor. Men eg ba han huke av at dei ikkje trong sende fleire meldingar, då sa han at no hadde ho fått den siste.

Jaja, tenkte eg. Når ho ikkje reagerte på at dei hadde sletta firmaet ved å ta kontakt og kreve det omgjort, kunne dei jo kanskje bare godteke at ho var samd i avgjerda. Så hadde vi spart oss for mange innloggingar i altinn og 12 minutt i køen for å få snakke med ein person.