Rotehue

Share

I haust fekk vi ny mobilleverandør. Dipper skulle vere så god og billig, så vi svarte ja til ein pågåande selgar. Ei stund seinare fekk vi nye simkort og så funka alt som før.

Men i dag ville telefonen min ha ny kode, og brevet frå Dipper med koden er sporlaust borte. No har vi rota gjennom alle papir vi kan tenkje oss frå før jul, men min SIM-kode er og blir borte. Reidun sin fungerer, så ho har ingen problem, ho har også papiret som trengs.

Nå har ho hjelpt meg å leite i kveld, eg er jo ikkje noko god til å leite. Men det er ikkje tale om, papiret er og blir borte. Så dermed er min flotte og gode telefon utan nytte i det heile tatt.

Moralen må vere at ein brukar koden så mange gonger at han sit spikra i minnet og ein ikkje treng hugselapp. Men det er godt å vere etterpåklok, telefonen min opnar seg ikkje om eg lovar å gjere det. Først må han jo få rett kode.

Du har tre forsøk igjen, står det i displayet. Eg har ikkje brukt nokon til nå, for eg har ikkje peiling på kva tall som skal til for å opne utysket.

I morgon ringer eg til Dipper, så får eg vel eit nytt sim-kort i neste veke med ny kode. Då skal eg nok passe på så ikkje hugselappen forsvinn.