Ei bokhylle med litt av kvart i

Share

Bøker har vore ein viktig del av livet mitt og det er mange bokhyller rundt om i huset vårt. På soveromet ligg eg og kikkar på nokre bøker av Arthur Klæbo. Det er nok ikkje så mange som hugsar han lenger, men han var ein populær kåsør i radioen i gamle dagar med sine God kveld-helsingar til lyttarane.

Wikipedia skriv dette om han:

Arthur Klæbo (6. august 190821. juli 1985) var ein norsk journalistkåsør og forfattar. Han vart fødd i Ålesund og voks opp i Volda.

Arthur Klæbo var fyrst journalist i Den 17de Mai. Frå 1934 arbeidde han i NRK i Oslo. Her var han fyrste åra hallomann. Han var redaktør av Hallo-Hallo og av framhaldet av dette, Programbladet.

Klæbo vart etter kvart ein mykje omtykt radiokåsør. Kåseria kunne likne på ordmåleri, han brukte mange ulike ord, ein direkte talestraum, humoristiske karakteriseringar og tydelege undertonar. Om sin eigen kåseristil sa han: «Eg nyttar masse ord og fargar, nektar meg ingen ting. Det eg opplever, fortel eg så om. Inntrykka gir eit sant, realistisk bilete av miljø, folk og forhold.»

Klæbo slutta i NRK då han i 1978 nådde aldersgrensa. Same året vart han tildelt Kringkastingsprisen for nynorskbruk/ dialektbruk i media. Klæbø redigerte elles fyrste nummeret av Dag og Tid.

Av dei om lag 30 bøkene han skreiv finn ein kåserisamlingar og reiseskildringar. Dei mest kjende er truleg Farlige fjell og Ullstrømper til Afrika. Klæbo har òg skrive skodespel.

Han døydde i Oslo.

Eg ligg og kikkar på Farlege fjell og Harpeleiken og tenkjer at eg burde ta meg på tak og lese dei om igjen. Om eg skal glede meg over kåseriet som kunst, er bøkene av Klæbo svært viktige. I tillegg til dei eg ser på frå senga, har eg Ullstrømper til Afrika. Men så langt har det blitt med tanken, det er sjelden eg les på senga lenger. Når eg legg meg, sovnar eg heldigvis fort.

Så då er det vel bare å seie god natt!