Frå organist til musikkprodusent

Share

I kveldens sending i Valle radio fekk vi møte Knut Kirkesæther. Han utdanna seg til organist på 1970-talet og var organist eit tiår og vel så det. Som organistar flest dreiv han med kor og hadde mykje glede av det. Sidan vart det mange andre jobbar, det meste innan musikkbransjen. No er han dagleg leiar for Lofoten Internasjonale Kammermusikkfest. Dermed er han ikkje utøvande musikar sjølv, men skaffar musikarar til dei mange arrangementa i festivalen. Han bygde opp arrangementet, då kom det vel med å ha kontaktar rundt om i verda. I tillegg måtte han jo arbeide med finansiering av det heile. Etter det eg skjønar, flyttar han no til Oslo, det er nærare dei kontaktane han treng å møte, men han held fram i jobben.

Det var interesant å høyre om noko eg var rimeleg ukjent med. Og så var det vakker musikk han hadde funne fram, eit stykke før sjølve Postludium, og deretter verka i programmet:

  • Herbert Howells: Collegium Regale «King’s College Cambridge Service» – Morning Canticle 2 Jubilate

20.30 Postludium

Knut Kirkesæther presenterer musikken han har valgt: