Gamle Setesdølen

Share

I dag fann eg ei gammal avis og skreiv inn på Setesdalswiki. Det førte til fleire nye artiklar, mellom anna om eit spel i Åmli og om ein stamfar på Hodne.

Når eg finn gamle aviser til å legge inn, droppar eg hendingar som er omtalte i avisa sine annonser. I staden ser eg om det er folk som kan omtalast. Ei avis frå 2000 vil ha omtale av barn som no er vaksne. Dermed kan det vere råd å finne fødselsdato på folk som alt er omtalt på Seteesdalswiki.

Fødselsdato er viktig for Setesdalswiki, for oversikta Dagens fødselsdagar blir generert frå desse. Og den lista saman med lista over hendingar gjer at framsida på Setesdalswiki skiftar kvar dag.

Eg har mange gamle aviser å ta av, så eg får prøve å bli meir aktiv med å skrive dei inn etter kvart. Men i morgon kjem det ny avis, så då får eg vel prøve å få lagt inn dei aktuelle hendingane eg finn der.