Variert sending

Share

Kveldens sending i Valle Radio var av det varierte slaget. Etter dei faste postane var Per Govertsen på plass med Country Gospel. I kveld var det mest norskspråklege songar, det likar eg best, så eg droppa ikkje ut denne gongen.

I den aktuelle timen hadde Siri Johannesen tre gjester. Først var det Torleif Homme frå Valle kommune. Han har som regel mykje på hjarta og etter det eg skjøna blir det ein travel sommar i kommunen, ikkje minst for dei som jobbar med å få i orden alt som skal ordnast før folkehøgskulen flyttar inn i Hylestad skule, dei hadde visst siste sluttsamlinga der i dag.

Så var Bjørn Ropstad med på telefonen. Dei hadde vore på studietur til Jæren om vindkraft. Etter det eg fekk med meg, var dei ikkje overtydde om at det var noko å satse på i Evje og Hornnes kommune. Det er møte i Setesdal regionråd i morgon, då er saka også til orientering der.

Endeleg hadde Siri besøk av Kristian Thaule. Han har gått Setesdal Austhei på langs, frå Dølemo til Bjåen. Han brukte to veker på turen og fortalde litt om denne. Det førte til at eg kunne lage ein liten artikkel om han på Setesdalswiki, eg likar jo å age artiklar om dei som er med i radioen. Den vart slik:

Kristian Thaule (fødd 25. mai 1999) studerer på Universitetet i Agder, grunnskulelærarutdanninga. Han er frå Valle og gjekk på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes, der han var ferdig i 2018. Ved sidan av studia jobbar han på Esso Valle og Valle Sport. Han har tidlegare vore guide på Setesdalsmuseet.

Tirsdag 18. juni 2019 deltok han i Tysdagssending i Valle Radio 20190618 og fortalde om ein tur han gjekk i Setesdal austhei på langs frå Dølemo til Bjåen. Han fylgde Aust-Agdr Turistforening si rute.

Som vanleg var det orgelmusikk til slutt. Denne gongen hadde Niklos funne musikk av Händel. Det vart litt tekniske problem der, men musikken var velklingande og vakker, Niklos leverer kvalitet.