Tragedie

Share

Det må vel kallast ei tragedie når Steinar Bjellås må destruere alle bikkubene og alt materiell på grunn av smittsom sjukdom i bifolka.

Far dreiv med bier i hagen vår heime på Ålgård. Han hadde ikkje så mange kuber, men vi produserte mykje honning. Når rammene var fulle, henta vi dei og reinska av voksen, så sette vi dei i slynga og starta motoren. Då kom honningen rennande ut når vi opna i botnen på slynga.

Å tenke seg at alt han hadde av utstyr skulle destruerast, er vanskeleg. Heldigvis opplevde vi ikkje det.

Bier er viktige for pollinering av planter. Men når noko slikt skjer som det vi høyrer om frå Hornnes, kan det nok ta motet frå folk som elles kunne tenkt seg å drive med bier og dermed bidra til at frukt og bær veks og gror i hagar og på marker. Utan insekter stoppar matproduksjon, det tenkjer vi sjeldan på, men dei seinare åra har vi blitt meir medvitne om dette.

Eg tenkjer nok at samfunnet burde ha ein måte å gi erstatning til ein birøktar som opplever det Steinar Bjellås opplever i denne helga. Måndag skal alt vere borte. Om han orkar å starte på nytt att, er jo ikkje godt å vite, men om han skal gjere det etter eit så stort tap, er sikkert vanskeleg.