Ein kveldssang

Share

I kveld kom eg til å tenke på ein kveldssang eller salme og fann ut at eg ville dele den med dykk som les bloggen:

Så går ein dag enn frå vår tid, / og aldri kjem han att. / Og atter sig i kvedsfred blid, / til jordi ned ei natt.

Men du den same er og var, / vår Gud i nåde stor, / og i di bok du teikna har / vårt dagetal på jord.

Eg gjev meg trygt, min Gud, til deg / når soli frå oss flyr. / Og hjarteglad eg lovar deg / når dagen atter gryr.

Salmeboka seier     Tekst: Johann F. Herzog 1680    Melodi: Johann G.Chr. Störl 1710    Oversettelse: Ukjent. For meg kjennest omsettinga som ein tekst av Elias Blix.

Når ein vert gammal, kjem songane frå barndommmen fram. Mor song denne ofte om kveldane ved leggetid. Den var god å ta med seg før ein skulle sove den gongen, og sanneleg er den det framleis.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *