Postludium-programma

Share

I kveld vil eg minne om Postludium-programma til Siri. I dag la ho ut tekstane til fleire av programma på Setesdalswiki. Du kan finne ei liste om du går til Lenkesamlinga hennar her.

Siri gjer ein stor jobb for Valle Radio. Av og til tenkjer eg at programma hennar burde vore podcasta, det vil seie at dei vart lagde ut på nett slik at ein kunne høyre dei ikkje bare mellom 18 og 21 tysdagskveldane. Om dei låg ute, kunne eg ha lenke til dei på Setesdalswiki, og så kunne ein høyre og lese informasjonen om programma samstundes.

Så langt har ein ikke lagt til rette for det, men eg trur Siri ville gjort den jobben også om ho fekk høve til det. For folk som då ikkje var ved radioen tysdagskvelden, ville det vere eit godt høve til likevel å få med seg det som vart sendt. Om det er reglar som gjer slikt uråd, veit eg ikkje, det må andre svare på.

Men gå til lenkesamlinga, finn programmet og så kan du finne musikken på Spotify og høyre den saman med informasjonen. Du vil få fine musikalske opplevingar av det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *