Setesdalswiki var nede

Share

I dag, 1. juni 2019, var det naudstynt med vedlikehald og utbetring av internettleveransen på Økern i Oslo der Setesdalswiki sin server står. Dermed var folk utan høve til å nytte seg av nettleksikonet det meste av dagen.

Sjølv fekk eg kontakt ved 23-tida. Då var fotballkampen ferdig, og mine fotballinteresserte barnebarn hadde ein stor kveld. Det hadde for så vidt eg og, for menyen var pizza , og når barnebarn får Pizza, får også morfar pizza. Fotballkampen var det Liverpool som vann, eg hadde tippa Tottenham, men eg hadde ikkje satsa pengar, så eg tapte ikkje noko heller.

Så då Setesdalswiki kom tilbake, var det viktig å få på plass listene over konfirmantar denne helga. Det var jo konfirmasjon både i Austad og Bykle i dag, og i morgon er det i Hylestad og Eiken. Du kan sjå kven som sto til konfirmasjon dei ulike stadene i listene som eg laga no i kveld.

Men innskriving av avisa for i går får nok vente til i morgon, for det er sjeldan eg skriv på Setesdalswiki etter midnatt. Då får ein heller gjere andre ting, tenkjer eg.

I mai hadde vi 9205 unike gjester. Til no i år ha vi hatt over 700.000 sidevisningar, så det er nokon som finn glede og nytte i leksikonet, og det er jo godt.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *