Spennande fotballkamp

Share

I kveld heldt eg på å gløyme bloggen, for eg vart sitjande og sjå på landskampen mellom Norge og Australia. Den gjekk til ekstraomgang og straffesparkkonkurranse medan klokka gjekk mot midnatt.

Plutseleg oppdaga eg det og kom meg i skrivinga. Den har vore aktiv i dag, eg fekk artiklar om alle dei røde lenkene i torsdagsavisa. Så pessimismen frå i går var kanskje litt tidleg, for i dag var det lite vårslapp eller sommarslapp hos meg.

Når så Norge vann straffesparkkonkurransen og eg rakk å få nokre linjer på bloggen, kan eg vel ta kvelden og vere nøgd. Eg fekk til og med skrive inn ei gammal avis, eg har nok å ta av, så å få på plass ei og anna av og til, er fint. Det står att mange artiklar å skrive framover.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *