Teltmøter

Share

I dag starta teltmøta på jordet i Krossen på Evje. Dei skal gå i to veker, og eg tok meg på tak og la inn oversikten over møta på Setesdalswiki. Det vart artikkel nr. 90800 og sidan plussa eg på med to til, slik at vi når dette blir skrive har 90802. Vi brukte vel tre veker på siste hundretalet, og det er om lag slik tempoet er normalt. Kan hende klarer vi å runde eit nytt tusental før sommaren er over.

Teltmøter har sin eigen sjarm, og det er mange som likar å gå på teltmøter. Det er ikkje mjuke stolar, men heller harde benker, Men det er noko eige med denne mellomtingen mellom friluftsmøter og møter inne i eit lokale. I tillegg er jo veggene tynne, så møtet kan ein i grunnen også få med seg om ein er på utsida.

Etter det eg forstår av lista over sang- og musikk-krefter, har forkynnarane Nils Kåre Strøm og Tor Andre Haddeland gode medarbeidarar i arbeidet. Og så har dei ein entusiastisk gjeng ungdommar i Indre Agder, som dei kallar seg, som arrangørar.

Truleg kan det vere fint å stikke innom møta både for unge og eldre. Lukke til med teltmøta 2019.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *