Valle Radios CD-plater

Share

I dag dukka Valle Radio sine CD-plater opp. Den eldste kom i 1999, så den er 20 år. Så kom dei ei i 2001 og ei ny i 2002. Eg laga artiklar på Setesdalswiki om dei to første, den siste får vente litt, trur eg.

Desse platene hadde med seg mange minne. Den første plata har eg ikkje, så den måtte eg leite ein del på nettet før eg fann nok til å kunne skrive ein tynn artikkel. Den andre har eg, så då kunne eg ta med alle dei som var saman med Hallvard Kjelleberg for å få til prosjektet. Dette var jo i den tida det var EM i scootercross, så songane er sterkt prega av desse sportslege hendingane.

I grunnen er det vel helst bare Rekreasjon med Rolf Erik Homme som jamnleg blir spelt i radioen no. Men den er det ofte folk som ønsker å høyre når dei skal sende helsingar.

Etter kvart har eg tent å lage små artiklar om kvar enkelt song også.

I grunnen er det imponerande at vi har klart å halde drifta av radioen i gang også etter at eldsjelene som starta opp det heile, gjekk bort. All honnør til dykk som framleis er villige til å ta eit tak for radioen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *