Vårslapp

Share

Vårslapp til langt ut på sommaren. Slik kjennest det ut når eg skal skrive blogg i kveld. I dag har eg ikkje hatt ei einaste redigering på Setesdalswiki, og om du ser på siste veka i historikken (siste endringar) har heie veka vore vårslapp.

I dag snudde sola etter det folk sa, så nå går det mot hausten att. Men sommaren har vore kald, i dag var det 11 grader og kuling her på kysten. Rosebuskane vaia godt i vinden.  Kan hende er det dette som gjer ein vårslapp midt på sommaren.

Neste helg startar sommaren om ein tenkje at barn og barnebarn på besøk bringer sommaren til oss. Vi gleder oss til det og håper at vårslappheten forsvinn komande veke slik at vi kan ta imot dei som kjem med kraft og smilande glede. Velkomne skal dei vere.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *