Platesamling

Share

Med åra har det blitt ein del CD-plater i samlinga mi. Margunn meiner eg bør ta meg på tak og legge dei inn på data, slik at eg kan vite kva eg har. Det hadde nok vore lurt, men eg er truleg litt for lat til det. Eg skulle gjerne hatt hovudet til å fungere litt som Niklos sitt, for han hugsar til og med kva som er på mine plater når eg har spelt dei i Valle radio.

Men i dag hadde eg ein gjennomgang av ein del av dei og fann litt av kvart som eg hadde gløymt at eg hadde. Nokre av platene vil kanskje kome på Setesdalswiki etter kvart om songane der har vore spelt i radioen.

I dag kan ein finne mykje av det eg har på Spotify, særleg når det gjeld klassisk musikk. Så dermed var det ein del plater som kunne takast ut av samlinga. Sjølvsagt er det greitt å ha den informasjonen som ofte kan finnast i platecovera, men billege plater har lite informasjon og eg måtte erkjenne at eg har kjøpt flest billege plater.

Men songplater har mange skattar som eg har glede av å høyre på.

Siste tysdag i juli 2019

Share

Sendinga i kveld var som vanleg variert og allsidig:

Program tysdag 30.07.19
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
18.00 Kveldsprogrammet, andakt av evangelisten John Olav Larsen fra Egersund om Den kristne glede Apg.5,34-42 (Norea).
18.30 Odd Dubland, maler, forfatter og evangelist med utlodning til inntekt for Norea.
19.00 Olav Neset, Neset Camping, om kampering her og der, vei og aktiviteter.
19.30 David Menger, Flateland CampingUppistog Gard, ost, geiter og mer i prat med vertskapet.
20.00 Et møte med Guy Poupart, blant annet leder for Valen-koret og konsertorganist.
20.30 Postludium med Guy Poupart

For meg som i fire år arbeidde saman med John Olav Larssen, var det fint å høyre ein andakt av han til å begynne med i sendinga. Deretter var det ein samtale med Odd Dubland, Odd i Krånå, som han kallar seg når han har innslag på lokalradioar i Rogaland. Predikanten og songaren frå Varhaug som no bur på Ålgård, er blitt 80 år. Men han er framleis aktiv og ville gjerne kome til Setesdal om han fekk ein invitasjon. No arrangerer han eit lotteri med tre maleri som gevinstar. Trekninga skal vere i desember og inntekta går til Norea, som han har samarbeidd med i mange år.

Fint var det å få høyre han og dottera Oddrun Helene Dubland synge Jeg vet min gjenløser lever som siste del av innslaget. Odd og Oddrun Helene i duett er noko av det finaste eg høyrer av sang.

Dei andre innslaga i sendinga vil eg kome tilbake til seinare.

 

Olsok

Share

Olsok er ein av dei gamle merkedagane som framleis i alle fall har med seg namnet. Om det skuldast tradisjonen frå Olav den Hellige og kristninga av landet, er ikkje godt å seie, men truleg er nok det noko av grunnen, sjølv om nyare forskning tyder på at Olav bare var ein maktglad småkonge som allierte seg med kyrkja for å vinne makta i landet, i alle fall var det det eg las i Vårt Land nyleg.

Her feira vi dagen med rømmegrøt. Storfamilien er framleis samla, og i ettermiddag var det meir overskya, så vi kunne vere ute og nyte godveret utan å forgå av svettande varme, slik i alle fall eg har opplevd det dei siste dagane.

Deretter samla dei unge seg om Rummycub og koste seg saman. Eg er dessverre ikkje særleg spelemann om det ikkje er orgel, og det har vi ikkje, så eg heldt meg utanfor.

Men det går mot slutten av ferien for folk no. I morgon tek Helge ein tur til Rogaland for å helse på slekt der. Men eg held meg heime denne gongen.

Det sit i veggane

Share

Dette er ein programserie om gamle hus i Sverige. I sommar har vi sett ein episode mest kvar kveld, takka vere Helge, som introduserte oss til serien. I kveld dukka det opp ein prest, Johan Dillner. Han hadde vore prest i den kyrkja utanfor Uppsala som var tema.

I programmet kom det fram at han var svært oppteken av sang og musikk, og på den tida var det mange som ikkje kunne lese noter og dermed lære nye melodiar. For å bøte på dette, introduserte han salmodikon, eit instrument med ein streng. I tillegg var det eit siffersystem som gjorde at ein kunne lære seg nye melodiar.

Nynorsk Wikipedia har ein artikkel om han. Der kan du få vite dette:

Johan Dillner (17851862) var ein svensk prestmusikkpedagog og salmediktar. Han er av mange rekna som oppfinnar av salmodikonet, men andre kjelder hevder at den danske læraren J.W: Bruun var tidlegare ute. Dillner introduserte instruentet i Sverige, han utvikla det vidare, og han arbeidde ivrig for å fremje salmesongen i kyrkjelydane.

Dillner studerte i Uppsala og vart i 1839 kyrkoherde i Östervåla.

I den svenska kyrkan hadde dei i 1819 teke i bruk ei ny salmebok. Melodiane fanst i Haeffners koralbok, men dei var ofte heilt ukjende for folk, eller dei song melodiane i ei anna form. Sidan dei fleste kyrkjene mangla orgel, konstruerte Dillner det enkle salmodikonet som var lett å byggje. Med ei siffernoteskrift var det lett å spele på, òg for folk som mangla notekunnskap. Slik vart melodiane til dei nye salmane gjort kjende.

Dillner gav i 1830 ut boka Melodierna till svenska kyrkans psalmer, noterade med ziffror.

20. februar 2000 vart det opna eit Johan Dillner-museum i Östervåla i Sverige.

 

Oversikt

Share

Eg kunne kanskje skrive at dagen i dag også var årets varmaste dag, men det var noko meir vind, så det føltest ikkje så varmt.

Når Margunn er på besøk, blir det som regel litt orden på ting. I dag starta vi på ei opprydding i CD-platene mine. Mange plater som eg ikkje lenger spelar, vart sorterte bort, men det er jo plater som ikkje ligg på Spotify og heller ikkje lenger er å få tak i, så dei prøver eg jo å ta vare på.

Ei slik plate er Pieter Leebeek si plate med musikk på Steendam-orgelet i Valle kyrkje. Der er det mykje fint å høyre:

  1. Johann Ludwik Krebs (1713-1780): Preludium
  2. Johann Ludwik Krebs: Preludium
  3. Johann Ludwik Krebs: Preludium
  4. Johann Ludwik Krebs: Preludium
  5. Johann Sebastian Bach (1685-1750): Wo soll ich fliehen hin BWV 646
  6. Johann Sebastian Bach: Wir glauben all» an einen Gott, Schöpfer BWV 680
  7. Johann Sebastian Bach: Vater unser in Himmelreich BWV 737
  8. Johann Sebastian Bach: Herr Christ der ein’ge Gottes Sohn BWV 601
  9. Johann Bernhard Bach (1676-1749): Ciaconna B-dur
  10. Johann Christoph Kellner (1736-1803): Trio C-dur
  11. Johann Christoph Kellner: Fantasia g-moll
  12. Jan Krtitel Kuchar (1751-1829): Pastorale C-dur
  13. Max Reger (1873-1916): Morgenglanz der Ewigkeit Opus 79b nr. 4
  14. Max Reger: Christus, der ist mein Leben Opus 79b nr. 9
  15. Max Reger: Fuge in D-dur opus 59, nr. 6
  16. Johannes Gijsbertus Bastiaans (1812-1875): O Haupt voll Blut und Wunden
  17. Cornelis Johan Bute (1889-1979): Sarabande uit Suite in Ouden Stijl
  18. Cornelis Johan Bute: Gavotte 1 og 2 uit Suite in Ouden Stijl
  19. Cornelis Johan Bute: Air uit Suite in Ouden Stijl
  20. Samuel Sebastian Wesley (1810-1876): Larghetto F sharp minor
  21. John Ebenezer West: Lament
  22. César Franck (1822-1890): Andantino
  23. Nicolas Jacques Lemmens (1823-1881): Final en D -majeur

 

Årets varmaste dag

Share

Eg håpar dagen i dag var årets varmaste dag, for så varmt som eg opplevde det, vil eg helst sleppe fleire dagar.

Men eg heldt meg i skuggen og Reidun fann ei vifte, så det kom ein sval bris i romet, heldigvis. Når det blir så varmt, brukar eg å få hovudverk. Det unngjekk eg denne gongen.

Til kaffe i dag vanka det bløtkake. Det var bryllupsdagen til Margunn og Stein, og det var sanneleg om lag like varmt den gongen dei gifta seg, nå er det 11 år sidan.

Og kvelden kunne vi kose oss med spørsmål frå mange ulike aviser. Det er triveleg sommaraktivitet.

Aktiv sommar

Share

Sommar i Setesdal er ikkje plent å ligge på latsida og sjå opp i lufta. Siri Johannessen hadde fått med seg nokre av dei som syter for at det er tilbod til både turistar og fastbuande i sendinga tysdagskvelden.

Først ut var Leif Fjerdingstad som er leiar av hovudkomiteen for Landsskytterstvnet på Evje. Han sov godt om natta, for han hadde gode medhjelparar i ei rekke komitear som skulle syte for at stevnet blir best mogleg. Men det er stof forandring på ti år, særleg innan data, så her er det mykje arbeid som må til for at alt skal vere klart.

Ein annan som har mykje å gjere om sommaren, er Arne Holskog. Han hadde vore på Landsskytterstevnet mange gonger og framheva det sosiale ved arrangementet. Men sjølv har han så mykje å gjere med Via Ferrata i Straumsjødd og andre aktivitetar at han ikkje fekk tid til å dra dit i år. For kvar dag er det folk som vil klatre, så sant det ikkje regnar, heng det visst folk i fjellet.

Folk heng også over Byglandsfjorden, men det er i paraglider. Amund Røstøen Løvland var med på telefonen. Han fortalde at om veret heldt seg, kunne det nok kome 200 pilotar til arrangementet, så dei hadde aktive dagar med å trekke opp folk.

Siste gjest denne kvelden var Knut Reiersrud. Han var på Stord, men fredag skal han ha konsert under Setesdalsfestivalen 2019 på Soknehuset på Rysstad.

I morgon er det altså klart for dette arrangementet og laurdag er det kappleik.

Aktiv sommar i Setesdal.

Niklos, Olav og Ove

Share

I dag var Niklos K. Besteland og Olav Føreland på besøk hos oss. Niklos er på besøk hos Olav i Søgne, og så tok dei seg ein tur til Mandal og Holum for å sjå på kyrkja der. Niklos ville gjerne høyre orgelet, og det fekk han høve til.

-Reil-orgel er godt handverk, men ikkje alltid intonert slik at dei passar i ei turr trekyrkje, var konklusjonen.

Praten gjekk om laust og fast medan vi hadde lunsj saman. Og så fekk eg ein telefon frå Ove Berrefjord. Han var ein tur i Vennesla og lurte på om han kunne stikke innom oss i Mandal, det var jo ikkje så lang avstikkar og han hadde tid til det i ferien.

Så dei første gjestene var knapt kome ut av huset før den neste kom, og vi fekk ein god prat saman. Også her kunne vi oppdatere kvarandre på livet i eigne familiar, men også om korleis det gjekk med venner og kjente.

I godt selskap går tida fort. Då Niklos og Olav skulle reise, kom eg plutseleg på at eg skulle ha eit bilete, så Helge fekk telefonen min og knipsa dei før dei sette seg i bilen. Bildet ligg nå på Facebook. Men Ove gløymde eg å få bilde av.

Takk for besøk både frå Besteland, Søgne og Svarstad.

Martin Sandve

Share

I kveld var plutseleg Martin Sandve å høyre i Valle Radio. Han var ein gong andaktshaldar på Yngres på Ålgård og minnet om han var sterkt og gripande. For han var det viktig å minne om at vi unge måtte velje Riksveg nr. 1, det er vegen som går til Himmelen.

Siri hadde funne fram ein sang med han også: «Der er en fred som verden ei kan fatte», men eg hugsar nok best sangen Han lever nok ennu. 

Martin Sandve var venn med John Olav Larssen, og han fortalde mange soger om krøtterhandlaren og lekpredikanten. I opptak frå NRK fekk vi også høyre han fortelje om krøtterhandelen. Å tene 5 øre på kiloet på griser var god butikk.

Sjølv kjem eg på ei historie om han då han handla med kyr. Han kom med lastebil og hadde ku på lasteplanet. Den skulle til ein stad i Ryfylke og skulle difor sendast med ein fjordabåt frå Stavanger til mottakaren. Då han kom på kaien, la han ned luka bak på lasteplanet rett ned i båten og så skubba han kua utover så ho sklei på stive føter ned i båten.

-Det er dyremishandling, sa en fin byfrue som kom forbi

-Høh, sa Martin Sandve. -De reiser mange mil til Sirdal for å  renne på ski, og så unnar du ikkje kua å få renne ned denne vesle bakken!!

Tysdagssending i Valle Radio 20190723

Produktiv dag

Share

I dag var det ein produktiv dag for Setesdalswiki. Om det var regnet eller kva årsaken var, vil eg ikkje spekulere for mykje på, men eg trur ein god grunn kan ha vore at Helge kom opp med nokre lister som ga grunnlag for nye artiklar og for fiksing av gamle.

I grunnen starta det litt trått, for eg hadde ikkje laga datoartikkel for denne dagen. Når det ikkje skjer noko i Setesdal, er det jo vanskeleg å lage datoartikkel, og eg fann ingen annonsar for hendingar denne dagen. Men så tenkte eg at eg jo kunne skrive at Setesdalsmuseet var ope, det er jo ope kvar dag i sommar, med utvida opningstid, endåtil, så då vart det ein datoartikkel.

Deretter tenkte eg at eg kanskje skulle ta meg på tak og få på plass nokre artiklar om folka som står på dei politiske listene til valet i haust. Det er jo bare halvannan månad att, og det er mange røde lenker der. Så dermed skreiv eg om han som står sist på AP-lista i Bygland 2019, Jan Terje Skjeggedal.

Så var det tid for lunsj og ein middagslur, og deretter dukka det opp redigeringar som Helge gjorde. Nokre av desse kunne eg spinne vidare på, og plutseleg gjekk vi frå å vere innom to-tre artiklar på ein dag, slik det har vore fleire dagar i sommar, til å ha redigeringar på meir enn 20 artiklar, fleire av dei var også nye artiklar. Dermed kom vi så langt at vi bare manglar vel 20 på eit nytt hundretal.

Du som fylgjer med på Siste endringer på Setesdalswiki får ein heil jobb om du skal lese gjennom alle endringane. Men det er du velkommen til å gjere.