Kryssord

Share

I kveld tenkte eg at eg skulle teste dei små grå på litt kryssord. Det er jo kryssord i mange aviser og blad til helga. Før hadde eg mykje glede av å løyse kryssord, men no har det vore tørke på den fronten ganske lenge.

Reidun likar best å løyse sudoku. Eg trur ho fiksar sudoku i Lindesnes Avis kvar dag. Men den puslinga med tall synest ikkje eg så mykje om, så ho får ha dei for seg sjølv.

Kryssord, derimot, det gjev høve til å teste synonym på ein god måte. Men no var eg ute av trening og måtte gå nokre rundar før det etter kvart kom i orden.

Juniorkryssord i Fævennen hadde mange av nøkkelorda i form av bilete. Dei fleste fekk eg til, men ein laks som spratt i elva måtte eg ha hjelp til å sjå kva biletet skulle forestille. Det blei helst for smått for auge som ikkje er like nærsynte som før.

Den store kryssorden i Fædrelandsvennen gjekk likare, men den gata ein skulle fram til, var ikkje heilt god språkleg sett. Nøkkelorda var imidlertid nokså enkle, så eg kom meg i mål.

Når ein løyser kryssord, må ein også følgje assosiasjonane som den som har laga kryssordet nyttar. Når dei blir litt innvikla, fell eg nok fort av.

Men det var fin syssel ein laurdagskveld når spørsmåla frå ulike quizzar var unnagjorde.