Bloggskriving

Share

Det er ikkje alltid like lett å finne tema for eit innlegg på bloggen. I kveld blir det nokre få linjer om gleda ved å ha barnebarn i huset. Til vanleg held dei seg på Valderøy, men i sommar gir dei oss ei lita veke og det skapar glede for både farmor og farfar.

Farmor har funne tonen med Camilla, dei puslar litt og er saman på kjøkkenet når det er matlaging på gang. Henrik synest det er fint at farfar likar å sjå sykling på tv, for då får han også sjå. Så sit vi saman og leitar etter norske som er med i Tour de France.

Dei seier at barnebarn er livets dessert for besteforeldra, for dei kan jo nyte godene medan foreldra må ta seg av problema. Eg skal ikkje diskutere slike utsagn, eg gleder meg over hyggeleg samvær og er takksam for at dei ikkje synest besteforeldra er heilt umulege å vere hos.

Bloggskrivinga går i rykk og napp, av og til langt, andre gonger kort. I kveld vart det den korte varianten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *