Bursdagar

Share

Facebook hjelper meg til å hugse på bursdagar. Til vanleg kjem det opp ei påminning slik at eg skal hugse dei. Men i dag kom det inga påminning. Heldigvis kunne eg gå til gårsdagens bursdagsbarn og der finne dagens, så eg rakk å sende helsing før dagen var omme.

Eg  snakka med ein venn her ein dag og han ville ikkje vere med på Facebook, for han rekna med at han kom til å hoppe over nokre bursdagar, så han ville heller ringe til dei han hugsa og gratulerer med dagen pr. telefon.

Det er sjølvsagt det beste, men eg tenkjer at det vil eg neppe kunne klare, så eg er takksam for Facebook si hjelp med å hugse mine Facebook-venner sine bursdagar.

I går var det Sigmund sin bursdag. Han er i London akkurat no, så sjølv om Skype-telefon er billeg, krev det at han er pålogga om vi skal nå han med munnleg helsing. Det var han ikkje då vi prøvde i går, så det var jo greitt å legge att ei melding på Facebook.

Mange seier at å feire bursdag på Facebook er ei ny oppleving, for ein får helsingar frå nær og fjern. Av og til prøver ein å takk kvar einskild, men det er ein krevande jobb når det kjem hundre ++ gratulasjonar. Då er det greitt å sende ein felles takk tilbake.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *