Frå Dysje til Trondheim

Share

Tysdag hadde Siri Johannesen fått med seg Eivind Bratteland til å fortelje frå oppvekst i Dysje i Bykle. Han er nærmar seg 80 år og har vore knytt til NTNU der han særleg har arbeidd med havner og havnebygging.

Samtalen gjekk om villkåra for folk som budde så avsides. Truleg hadde dei det betre enn i byane under krigen, for dei baserte seg på naturalhushald og fekk det dei trong frå jakt og fiske. Men med utbygginga etter krigen vart det likevel til at dei flytta til meir sentrale strok. Bratteland har skrive Dysjesoga, ei bok på nesten 400 sider om livet på Dysje. Den kan ein kjøpe på Norli Evje og på biblioteket i Bykle når det opnar att etter ferien.

Til slutt i timen med gjester var Sigrid Kjetilsdotter Jore innom i studio for å fortelje om Kulturpatrulja sitt program denne veka. Dei opptrer rundt om i Setesdal frå onsdag til sundag kvar veke i sommar. Det vekslar litt på kven som er med, Sigrid er leiar og som oftast med, no er også Stina Brandin komen med, Vetle Hoslemo seplar litt og brødrene Tanche-Larsen er også med etter det eg fekk med meg.

Folk set stor pris på dette innslaget når dei opplever det i ferien. Det er noko av den levande seteesdalskulturen som ein har søkt om å få med på UNESCO-lista over immateriell kulturarv.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *