Gratulerer

Share

I dag kom det brudebilde av Grete Fossen og Ørnulf Hasla på Facebook. Dei hadde 40 års bryllupsdag og eg stiller meg i køen av gratulantar. Det var ei stor lykke for Valle at det vart match mellom dette paret, for dei har skapt sin eigen arbeidsplass og gitt arbeid til mange i ein liten kommune.

Men mitt perspektiv er frå Valle radio. For Ørnulf har vore ein drivande og dugande teknikar, programleiar og styreleiar. Han vart vel med i radiogjengen mest heilt frå starten og har bidrege med entusiasme og styrke til at radioen framleis held stand også nå lokalradio ikkje lenger er like lett å drive. Problemet med at FM skulle fasast ut i Norge er vel ikkje løyst, men om det finst ei løysing, vil nok Ørnulf bidra sterkt til den, sjølv om det må løysast på nasjonalt nivå. DAB er for dyrt for ein liten lokalradio driven på dugnad.

Men Ørnulf er også involvert i anna som kan styrkje eit utkantsamfunn, til dømes reiseliv, der han har vore engasjert lenge. Han er med i gruppa som organiserer Setesdalskonferansen og meiner det er viktig å samarbeide for å skape styrke i Setesdal. Ein kan jo ikkje vere usamd med han i det. Han og Grete fekk Setesdalsprisen i 2017. Eg vonar dei får mange gode år framover til beste for både seg sjølv og alle oss som er takksame for arbeidet deira.

Gratulerer!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *