Gratulerer

Share

I dag kom det brudebilde av Grete Fossen og Ørnulf Hasla på Facebook. Dei hadde 40 års bryllupsdag og eg stiller meg i køen av gratulantar. Det var ei stor lykke for Valle at det vart match mellom dette paret, for dei har skapt sin eigen arbeidsplass og gitt arbeid til mange i ein liten kommune.

Men mitt perspektiv er frå Valle radio. For Ørnulf har vore ein drivande og dugande teknikar, programleiar og styreleiar. Han vart vel med i radiogjengen mest heilt frå starten og har bidrege med entusiasme og styrke til at radioen framleis held stand også nå lokalradio ikkje lenger er like lett å drive. Problemet med at FM skulle fasast ut i Norge er vel ikkje løyst, men om det finst ei løysing, vil nok Ørnulf bidra sterkt til den, sjølv om det må løysast på nasjonalt nivå. DAB er for dyrt for ein liten lokalradio driven på dugnad.

Men Ørnulf er også involvert i anna som kan styrkje eit utkantsamfunn, til dømes reiseliv, der han har vore engasjert lenge. Han er med i gruppa som organiserer Setesdalskonferansen og meiner det er viktig å samarbeide for å skape styrke i Setesdal. Ein kan jo ikkje vere usamd med han i det. Han og Grete fekk Setesdalsprisen i 2017. Eg vonar dei får mange gode år framover til beste for både seg sjølv og alle oss som er takksame for arbeidet deira.

Gratulerer!

 

Bursdagar

Share

Facebook hjelper meg til å hugse på bursdagar. Til vanleg kjem det opp ei påminning slik at eg skal hugse dei. Men i dag kom det inga påminning. Heldigvis kunne eg gå til gårsdagens bursdagsbarn og der finne dagens, så eg rakk å sende helsing før dagen var omme.

Eg  snakka med ein venn her ein dag og han ville ikkje vere med på Facebook, for han rekna med at han kom til å hoppe over nokre bursdagar, så han ville heller ringe til dei han hugsa og gratulerer med dagen pr. telefon.

Det er sjølvsagt det beste, men eg tenkjer at det vil eg neppe kunne klare, så eg er takksam for Facebook si hjelp med å hugse mine Facebook-venner sine bursdagar.

I går var det Sigmund sin bursdag. Han er i London akkurat no, så sjølv om Skype-telefon er billeg, krev det at han er pålogga om vi skal nå han med munnleg helsing. Det var han ikkje då vi prøvde i går, så det var jo greitt å legge att ei melding på Facebook.

Mange seier at å feire bursdag på Facebook er ei ny oppleving, for ein får helsingar frå nær og fjern. Av og til prøver ein å takk kvar einskild, men det er ein krevande jobb når det kjem hundre ++ gratulasjonar. Då er det greitt å sende ein felles takk tilbake.

Endelig

Share

Vi har ventet lenge på Rønnaug og familien i sommer, for de ville først ta en tur til Stokmarknes, hvor hun jo trådte sine barnesko da vi bodde på Hadsel Folkehøyskole. Men i kveld kom de endelig, så nå er det liv på låven også.

De kom hit til nylagt asfalt på veien gjennom tunet vårt. Naboen, som bruker veien, var nok lei av at grusen rant bort når det kom mye regn, så i går fikk han asfaltert hele bakken opp til seg.

Helge ville ta imot søstera og familien med kake, så han laget en nøttekake med mokkakrem. Den var nesten oppspist før de kom, for vi hadde besøk av naboen til kaffe i sola på verandaen. Praten gikk om løst og fast, slik det gjerne gjør når naboer møtes.

Tidligere på dagen hadde vi også besøk av Unni og Harald, men de fikk ikke kake, for den var ikke ferdig da de var innom. Men praten gikk likevel godt. De har hatt problemer med vannlekkasje i blokka de bor i og den rammet også deres leilighet, så da er det godt å kunne ha et alternativt sted å ta inn mens byggtørkeviftene går.

Det hadde selvsagt vært fint å ha folka på låven på plass de ukene vi har bak oss, der vi har hatt sol og sluppet regn. Nå lover meterolgene regn noen dager. Jorda er nok glad for det, for det er jo rimelig tørt her på sydspissen.

Vi får ta det som det kommer og glede oss over fellesskapet.

Frå Dysje til Trondheim

Share

Tysdag hadde Siri Johannesen fått med seg Eivind Bratteland til å fortelje frå oppvekst i Dysje i Bykle. Han er nærmar seg 80 år og har vore knytt til NTNU der han særleg har arbeidd med havner og havnebygging.

Samtalen gjekk om villkåra for folk som budde så avsides. Truleg hadde dei det betre enn i byane under krigen, for dei baserte seg på naturalhushald og fekk det dei trong frå jakt og fiske. Men med utbygginga etter krigen vart det likevel til at dei flytta til meir sentrale strok. Bratteland har skrive Dysjesoga, ei bok på nesten 400 sider om livet på Dysje. Den kan ein kjøpe på Norli Evje og på biblioteket i Bykle når det opnar att etter ferien.

Til slutt i timen med gjester var Sigrid Kjetilsdotter Jore innom i studio for å fortelje om Kulturpatrulja sitt program denne veka. Dei opptrer rundt om i Setesdal frå onsdag til sundag kvar veke i sommar. Det vekslar litt på kven som er med, Sigrid er leiar og som oftast med, no er også Stina Brandin komen med, Vetle Hoslemo seplar litt og brødrene Tanche-Larsen er også med etter det eg fekk med meg.

Folk set stor pris på dette innslaget når dei opplever det i ferien. Det er noko av den levande seteesdalskulturen som ein har søkt om å få med på UNESCO-lista over immateriell kulturarv.

 

 

Variert tysdagskveld

Share

I går kveld hadde Siri Johannessen ein samtale med Hilde Amundsen frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) om korleis dei samla inn stadnamn i Vang på Hedmark og festa dei til kart. Mange lokale stadmamn knytta til landbruk er gått ut av bruk, men historielag og andre kan vere aktuelle for å gi slik informasjon.

Dette temaet er jo aktuelt ettersom Valle kommune har vedteke å starte opp innsamling att. Men Hilde Amundsen var ikkje interessert i den jobben. Det er jo bare ein 20% stilling også.

Etter dette kom Jan Olaf Rysstad i studio for å fortelje om Setesdalstreffet som skal vere på Rysstad til helga. Då samlast bilentusiastar med doningane sine på idrettsplassen. Han trudde det nok kom 500 for å sjå på veteranbilane, som eigarane har stulla og stelt med for at dei skal skine best mogleg på ei slik utstilling. Alt var gratis etter det eg fekk med meg, inntektene kom frå sal av kaffe og vaflar med meir.

Vidare fekk vi høyre om arbeidet Stefanusalliansen gjer. Dette er eit tema som ofte kjem med i Siri sine sendingar. Denne gongen ligg det lenke til heile teksten på sida til tysdagssendinga i Valle Radio.

Meir frå sendinga kjem på bloggen i morgon.

Øivind Fragell

Share

Kveldens sending i Valle Radio starta som vanleg med Over ein open Bibel. Deretter kom ei avdeling med songar, den første var av Øivind Fragell. Då blei eg litt hekta på han og leita litt etter informasjon om han. Sangen hans Tenk at min Frelser elsket meg var på plata Øivind Fragells 10 beste

A1 Jeg Løfter Mine Øyne 3:48
A2 Huset På Klippen 2:18
A3 Bønn 4:25
A4 Komme Ditt Rike 2:00
A5 Mitt Eneste Håp 3:24
B1 Tenk At Min Frelser Elsket Meg 3:38
B2 En Vandringsmann Synger 3:24
B3 O, Åpne Gud Mitt Blikk 3:07
B4 Et Sted I Hjertets Indre 2:18
B5 Jeg Ser Deg Stille Vandre 3:18

Informasjon om han fann eg på Wikipedia:

Øivind Fragell (født 23. august 1914Borgestad, død 4. juni 1993 i Nome) var en norsk evangelist, forfatter og predikant tilknyttet den norske pinsebevegelsen. Øivind Fragell vokste opp på Borgestad i Telemark, og ble i 1933, frelst, og døpt året etter, i 1934. Øivind Fragell virket som evangelist i Norge fra 1937, 23 år gammel. Han var også i en årrekke forstander (pastor) i flere norske pinsemenigheter.

Han er far til Levi Fragell, som har vært en av livssynshumanismens frontfigurer i Norge.

Nydeleg sang og fin tekst ga ein flott start på ein interessant kveld i radioen. Meir om programmet kjem eg tilbake til seinare-

Tysdagssending i Valle Radio 20190716

 

Søvn

Share

Eg les i boka Søvn, utgitt som Kjempefakkel på Gyldendal i 1968 om ein mann som i New York i 1959 heldt seg vaken i 200 timar. Han heitte Peter Tripp og gjorde det til inntekt for ei innsamling til eit poliofond. Seinare kom fleire andre som heldt seg vakne endå lenger, den lengste klarte visst 11 døgn.

Det må jo vere frivillig tortur. Eg søv gjerne fleire gonger i løpet av eit døger, men ein gammal mann må jo opp om natta, så det vert sjeldan meir enn fem timar om gongen. Det er jo litt lite, så truleg er eg fortare trøytt om eg hadde fått meg åtte timar i strekk før eg måtte opp.

Før hende det sjeldan at eg drøymde, i alle fall hugsa eg ikkje draumen når eg vakna. No kan det bli lange forteljingar av det eg har drøymt om natta. Men ingen er interessert i å høyre dei forteljingane, så eg har funne ut at eg kan halde dei for meg sjølv.

Mor drøymde også og kunne fortelje frå draumar ho hadde hatt. Me lo av henne og tykte ikkje det var interessant i det heile, så historia kjem att.

No når bloggen er ferdig, er det vel tid for å ta ein tur i draumeland.

Stillere dager

Share

I en uke hadde vi to barnebarn på besøk. Men i går dro de videre. Henrik og Camilla fra Valderøy var her sammen med Sigmund, men nå er de kommet til Sandøya til Margunn og Stein. Der skal de være noen dager og mamma Margaret har også fått ferie. Så nå er familien samlet og kommende uke drar de til London på litt utenlandsferie.

Med barnebarn i huset er livet litt annerledes, for de står tidlig opp, så når jeg kom inn i stua ved åttetiden, ventet de på meg. Dermed ble de en time med prat og litt barnetv. Med så fint vær som vi hadde den uka, kunne de løpe inn og ut som de ønsket hele dagen.

Litt hemmet var de jo av at de hadde fått vannkopper, men utbruddet var ikke så hardt mens de var her. Litt hvitvask tok bort den verste køen.

Det er hyggelig å ha småfolk i huset. Vi møtes ikke så ofte, men kom godt ut av det med hverandre. Nå er det noen stille dager, men vi gleder oss til neste uke, da får vi nye sommergjester på besøk.

Olav Mosdøls Det syng

Share

Olav Mosdøl har mange fine dikt som har fått tonefylgje. Om han kan ein lese på heimesida hans:

Intro
Olav Mosdøl (fødd 1937) er forfattar, lyrikar og tidlegare lærar. Han er oppvaksen i Bykle og bur i Telemark. Mange av tekstene hans er det sett musikk til av ei rekkje tonekunstnarar. No er han forfattar på heiltid.

Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Kvite symrer. Gjennombrotet som forfattar kom i 1979 med samlinga I Lydeskar. Mange merka seg Mosdøls originale og uttrykksfulle form. Nils Hellesnes skreiv slik i Stavanger Aftenblad: «Han forstår å spenne diktet mellom ein merkeleg sikker opptakt og ein like så sikker slutt. Og så står diktet der og dirrar.»

Mosdøls forfattarskap er knytt til røter, til natur og landskap som han kjenner frå Setesdal og Telemark. Olav Egil Aune (Vårt Land) seier: «… han har en merkverdig personlig skjelven i forhold til det. Det gjør ham til en poet for mange. Om jeg skal si noe, er det at det er djup tid i disse diktene. Tid som har vart en stund, og som vi kjenner vil vare vare. Av og til tenker jeg på dem som en sval nattlig vind over modne åkrer.»

Her er sporlista frå plata Det syng:

  1. Det finst ein musikk
  2. Betlehem
  3. Mannemakt
  4. Du er den rosa
  5. Minengel
  6. Møte med livet
  7. Fortel meg barn
  8. Kvinner som liknar eit regn
  9. Det syng så vakre tonar
  10. Jorda sviv stille
  11. Sommarbarn
  12. Lys pastel
  13. Livet og gleda
  14. Røter
  15. Me som ber lyset

Odd Dubland

Share

I kveld skriv eg nokre ord om Odd Dubland. Eg har ei plate av han, Dyp av nåde. Den likar eg å høyre på og eg spelte frå den mange gonger i Valle Radio. Først litt om mannen, henta frå Wikipedia:

Odd Dubland (født 10. desember 1938 i Varhaug på Jæren i Rogaland) er en norsk predikantsangerforfatter og billedkunstner.

Odd Dubland begynte som ungdomssekretær og forkynner i Norsk Luthersk Misjonssamband i 1959. Seinere har han virket som bysekretær (forsamlingsleder) og bibelskolelærer. Odd Dubland er også bildende kunstner og har gitt ut flere bøker med oppbyggelse og kunst. som billedkunstner er han helst naturalist med hovedvekt på kystlandskap, hav og fjell. Han har i tillegg drevet mye med innspillinger av kristen sang og musikk.

Odd Dubland bor på Ålgård i Gjesdal kommune.

Diskografi

  • Kvitekrist i møte med heidenskap : eit epos 2007
  • Lær meg å kjenne dine veie 2004
  • Evangeliske sanger i sør : Kongeparken 2003 Sammen med flere artister
  • Sanger Om Guds Nåde 1998 Sammen med Oddrun Helen Dubland
  • Jeg Vet Min Gjenløser Lever 1996 Sammen med Oddrun Helen Dubland
  • Dyp av nåde 1992

Bibliografi

Her er songane på plata:

  1. Himmelske tonar
  2. Å være din
  3. Skynd deg, skynd deg
  4. Jeg går til himlen
  5. Enn står Jesus og banker
  6. For vår misgjerning ble han knust
  7. Dyp av nåde
  8. Kom hit, du tørste sjel
  9. Engang skal herlighetens morgen rinne
  10. Herre, gjør meg stille
  11. Akk, her på jord
  12. Sorgen og gleden den vandrer til hobe