Sommarkveld i Valle Radio

Share

I kveld hadde Siri vridd litt på dei faste postane i sendinga, så ein kunne nok kalle det ein sommarvri sjølv om modellen var til å kjenne att.

Birgit Rike Lund fortalde om støyls- og budeieliv. det var mykje arbeid, men også tid til å nyte sommadagar på heia. Kjetil Rike veslebror hennar, hadde til og med trekkspelet med seg på støylen.

Av aktuelle tema var Sentrumsfrukost eit innslag med Ørnulf Hasla som samtalepartnar. Desse frukostane er jo store hendingar i ei lita bygd og førstkomande laurdag brakar det laust att. Men brusteinsballet var han kanskje for gammal til, for han skulle vere barnevakt for barnebarn.

Denne veka er det Bygland Bibel og misjonscamp på KVS Bygland, og Siri hadde fått med seg to av dei vi kan møte der-Først var det ein fin samtale med Charlie Blackwater, der vi også fekk høyre han spele ein nydeleg eigen komposisjon og sidan ein prat med pensjonert frikyrkjepastor i Arendal, Halvard Myhren. Den var også verd å høyre på.

Endeleg hadde Siri funne sommarmusikk for orgel, så Postludium gjekk som ein leik. Men då det vart Kyrkjebakken, fall sendinga ut, så den fekk eg ikkje med meg.

Heile programmet er lagt ut på Setesdalswiki. DU kan sjå dei ulike programpostane der.  

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *