Søvn

Share

Eg les i boka Søvn, utgitt som Kjempefakkel på Gyldendal i 1968 om ein mann som i New York i 1959 heldt seg vaken i 200 timar. Han heitte Peter Tripp og gjorde det til inntekt for ei innsamling til eit poliofond. Seinare kom fleire andre som heldt seg vakne endå lenger, den lengste klarte visst 11 døgn.

Det må jo vere frivillig tortur. Eg søv gjerne fleire gonger i løpet av eit døger, men ein gammal mann må jo opp om natta, så det vert sjeldan meir enn fem timar om gongen. Det er jo litt lite, så truleg er eg fortare trøytt om eg hadde fått meg åtte timar i strekk før eg måtte opp.

Før hende det sjeldan at eg drøymde, i alle fall hugsa eg ikkje draumen når eg vakna. No kan det bli lange forteljingar av det eg har drøymt om natta. Men ingen er interessert i å høyre dei forteljingane, så eg har funne ut at eg kan halde dei for meg sjølv.

Mor drøymde også og kunne fortelje frå draumar ho hadde hatt. Me lo av henne og tykte ikkje det var interessant i det heile, så historia kjem att.

No når bloggen er ferdig, er det vel tid for å ta ein tur i draumeland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *