Variert tysdagskveld

Share

I går kveld hadde Siri Johannessen ein samtale med Hilde Amundsen frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) om korleis dei samla inn stadnamn i Vang på Hedmark og festa dei til kart. Mange lokale stadmamn knytta til landbruk er gått ut av bruk, men historielag og andre kan vere aktuelle for å gi slik informasjon.

Dette temaet er jo aktuelt ettersom Valle kommune har vedteke å starte opp innsamling att. Men Hilde Amundsen var ikkje interessert i den jobben. Det er jo bare ein 20% stilling også.

Etter dette kom Jan Olaf Rysstad i studio for å fortelje om Setesdalstreffet som skal vere på Rysstad til helga. Då samlast bilentusiastar med doningane sine på idrettsplassen. Han trudde det nok kom 500 for å sjå på veteranbilane, som eigarane har stulla og stelt med for at dei skal skine best mogleg på ei slik utstilling. Alt var gratis etter det eg fekk med meg, inntektene kom frå sal av kaffe og vaflar med meir.

Vidare fekk vi høyre om arbeidet Stefanusalliansen gjer. Dette er eit tema som ofte kjem med i Siri sine sendingar. Denne gongen ligg det lenke til heile teksten på sida til tysdagssendinga i Valle Radio.

Meir frå sendinga kjem på bloggen i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *