Takk for besøket

Share

Det går mot slutten av sommaren. I dag sette Margunn og Stein kursen heimover. Kvelden i går brukte Margunn til å gå gjennom gamle bilete. Sjølv om eg slett ikkje er nokon aktiv fotograf og knapt nok har vore det tidlegare heller, dukka det opp gamle minne i samband med mange av bileta.

Slik sett  skulle eg nok vore ein meir aktiv fotograf og slik teke vare på minne. I sommar har vi sett på mange program i den svenske serien Det sit i veggane, og bilete og tekstar, gamle dokument og slikt, fortel jo om livet som har vore levd.

Medan vi såg på nokre bilete, fall replikken om at det var ikkje internett då du var ung, så å skrive blogg, slik du gjer no, var ikkje noko alternativ. Sjølvsagt kunne eg ha skrive dagbok. Eg prøvde meg på det nokre gonger, men det vart med forsøka. Med datamaskina framfor meg og programmet for bloggen lagleg på Helge sin server, er det enklare. Eg kan lett leite meg fram til sida mi og skrive nokre linjer. Å skrive med blyant eller kulepenn har i grunnen aldri vore mi sterke side, sjølv om eg sjølvsagt skreiv nokre rimeleg lange kjærleiksbrev i ungdommen.

Gamle bilete er ikkje bare bare, for om det ikkje er tekst som fortel kven som er på bileta, så vil det etter kvart ikkje vere nokon som kjenner dei. I programserien om gamle hus som får nye eigarar, får desse i slutten av kvart program ei bok som fortel om kva programleiarane har funne ut om tidlegare eigarar, byggeår og anna som kan vere interessant å vite.

Kan hende må eg sjå litt meir på bileta Margunn leita fram og kanskje skrive noko om dei eg veit noko om før alt hamnar i gløymeboka.