Meir om tysdagssendinga

Share

I ein tidlegare tekst om tysdagssendinga denne veka, skreiv eg at eg skulle skrive litt meir om denne seinare.

I sendinga hadde Siri Johannessen to innslag om campingplassar i Setesdal. Olav Neset på Neset Camping var ute i Setesdølen tidlegare i sommar og meinte at det burde vore fleire campingplassar i Setesdal. Sjølv hadde han stappfullt, denne sommaren har vore den beste for han nokon sinne. Sjølv reiser han i vinterhalvåret til til Tyskland og Nederland for å promotere Setesdal, det er viktig at turistane reiser opp riksveg 9 og ikkje mot Oslo eller Stavanger når dei  kjem i land i Kristiansand.

Etter praten med Olav fekk vi også høyre ein samtale med David og Carin som driv Flateland Camping, det var visst på sjuande året. Også der var det godt besøk på campingplassen.

Til slutt hadde ho ein samtale med Guy Poupart, leiar for Valen-koret, det Norske Orgelselskap, konsertorganist og meir, Det var også han som valde musikken til kveldens Postludium:

  • Charles-Valentin Alkan (1813–1888): XI. sats, «Andantino», fra op. 64 13 Prières spilt av Kevin Bowyer på orgelet i Salisbury-katedralen[1]. Fra albumet Alkan edition (2017).
  • J.S. Bach (1685–1750): Vater unser im Himmelreich BWV 682 spilt av Carlo Hommel på Dalstein und Haerpfer-/Haut-orgelet, også kjent som det store orgelet i Notre-Dame-katedralen i Luxembourg. Fra albumet Bach: Clavierübung III (Excerpts) (2017).
  • Antonio de Cabezón (1510–1566): Diferencias sobre el Canto del Caballero (Órgano) spilt av Juan de la Rubia på claviórgano Hauslaib fra ca 1590 på Museu de la Música de Barcelona (ca. 1590)[2]. Fra albumet Antonio de Cabezón(2017).
  • Valery Aubertin (1970– ): 1. sats, «Matiere celeste», av Sonatine pour les etoiles spilt av Marie-Ange Leurent på det store Cavaillé-Coll-orgelet i Saint-Antoine des Quinze-Vingts-kirken i Paris. Fra albumet Valery Aubertin: Livres d’orgue(2006).
  • Béla Bartók (1881–1945): 4 danses roumaines transkribert og spilt av André Isoir på Cavaillé-orgelet fra 1789 i den tidligere klosterkirken i Saint Guilhem le Désert i Hérault[3]. Fra albumet Airs & danses de la vieille Europe (2010).