Grøn sommar

Share

Sommaren i fjor vart etter kvart både gul og brun. Det var tørke i Sør-Norge, avling av høy var så liten at ein importerte høy frå Island for å ha nok til dyra. Mange slakta dyr lenge før planen og tapte store pengar på det.

I år har det vore ein grøn sommar. Det har kome høveleg med sol og regn, så graset har vakse og brune flekkar i plenen har godd til. Vi er heldige og har drengen Tobias som slår for oss. I dag var han på plass med plenklipparen, moro å sjå på korleis han handterer den rundt buskar og blomebed.

Etter ein time er han ferdig og hadde fått lommepengar til Skalldyfestivalen. Den er det store her i Mandal denne veka. Då vil det yre av liv i gatene og folk vil svinge innom for å sikre seg ein skalldyrtallerken. Arrangementet er blitt ein tradisjon der sjøl dei som elles ikkje er store rekespisarar, gjerne tek seg skalldyr.

Det blir sagt at rekefiskarane må lenger bort for å få fangsten sin no. Det er mindre reker utanfor Sørlandskysten enn det var. Kan hende må ein sette kvotar og regulere sterkare enn ein gjer i dag. Det er jo viktig å ha ei berekraftig hausting av ressursane i havet, akkurat som det er på land. Bøndene haustar grønt gras og fraktar heim til siloen, vi klipper plenane og gleder oss over sommaren.