God dag for Setesdalswiki

Share

I dag vart det ein god dag for Setesdalswiki. Eg talde nesten 50 ulike artiklar som har vorte handsama, det vart visst oppretta nesten 20 nye artiklar.

Nokre av artiklane var relatert til Landsskytterstvnet 2019 på Evjemoen. I prinsippet kunne vi hatt artiklar om alle deltakarane, men vi har jo ikkje kapasitet til det. Men vi har klart å få på plass artiklar om vinnarane i dei ulike greinene som vart vist på TV i det minste. Vi burde jo hatt Kongelaget 2019 komplett, om vi klarar det, veit eg ikkje.

Så har Geir vore ein tur oppover i Bygland og funne noko stoff han kunne supplere nokre av artiklane med. I tillegg har eg bladd i nokre gamle Setesdølen og der funne stoff som kunne bli til artiklar.

Det er ekstra moro å sjå at talet på artiklar veks. Det hadde vakse endå meir om vi hadde vore fleire som skreiv. Det er jo ingen ende på kva ein kan skrive om på Setesdalswiki. Sjølv har eg jo laga artiklar om salmediktarar så vel som skyttarar denne veka. Når ein har ein artikkel om ein som har gitt ut plate, kan ein jo skrive om sangane på plata, og dermed også om salmediktarane. Dyp av nåde var ei slik plate som har fått fleire artiklar siste veka.

Kan hende bør eg ta meg på tak og skrive ein artikkel om han som dikta songen Jeg går til himlen. Då fyller eg ut endå ei rød lenke i artikkelen Dyp av nåde.