Rådyr

Share

Vi har som mange andre her i Mandal, rådyr som likar å finne mat i hagen. Dermed er det ikkje lett å ha ein fin hage, ein må finne planter som rådyra ikkje har på menyen.

Her ein dag var det eit rådyr på ved låven vår, like utanfor hagen.

-Ta eit bilde, sa eg til Reidun, ho såg på det frå vinduet i terrassedøra.

-Det går i eitt med resten av landskapet, så det blir lite synleg, meinte ho. Dermed vart det ikkje noko bilde.

I formiddag ringte det på døra. Vi venta ein elektrikar som skulle sjå på korleis vi kunne få fast straum i garasjen, der vi har fått ny garasjedør som går på straum. Foreløpig blir straumen henta frå ein provisorisk ledning, men vi vil jo ha det permanent, gjerne med eit par lyspunkt også.

Men det var ikkje elektrikaren, det var naboen. Han kom med eit halvt rådyr han hadde skote og meinte at vi burde ha halvparten, for dyret hadde nok beita mest hos oss.

Med det vart det rådyrmiddag på oss i dag. I tillegg vart det mykje godt kjøt i fryseboksen.

Gode naboar er gull verd.