Kulturarv i valkampen

Share

Under sendinga i  Valle Radio i går kveld, der politikarar skulle svare på spørsmål frå publikum og diskutere tem som programleiar Odd Inge Rønning Uleberg tok opp, kom dei også innom den immaterielle kulturarven.

Spelemannslaget har sendt søknad til UNESCO om at Setesdal sin immaterielle kulturarv må kome på verdsarvlista. Om det skulle skje, vil det truleg måtte blir oppfylging av Valle kommune. Røros med sitt trehusmiljø er på den lista og har fire personar i arbeid for å ta vare på verdiane, meiner eg dei sa.

Ville så politikarane i Valle vere villige til å satse slik om det skulle lukkast å kome på den lista?

I ein valkamp er det lett for alle å svare ja på eit slikt spørsmål. Om det skulle bli noko av det, må dei så stå til ansvar for det dei har lova.

Immateriell kulturarv er stev, folkeviser, folkemusikk og folkedans. Odd Inge berømma arrangementa med folkemusikkpub på Sølvgarden som blir arrangerte av og til, der Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum og andre musikarar spelar og fortel.

I ein omtale av dette skriv Spelemannslaget:

Tradisjonen har rom for personleg utforming og variasjon. Det finst registrert kring 25-30.000 stev frå Setesdal, og kring 40 ulike stevmelodiar. Ettersom alle nystev har same verseform (og det same gjeld for gamlestev), kan dei ulike melodiane brukast på dei stevtekstane som finst. Det blir også dikta nye stev. Stev blir bruka i reklame, som debattinnlegg, i søknader, og som verseform i takketalar og helsingar til bryllaup, konfirmasjonar m m. Det kan nemnast spesielt at stev blir ofte bruka i lokalavisa (Setesdølen) og mållagets jolehefte (Jol i Setesdal).

Om du klikkar på lenka over, kan du lese heile artikkelen.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *