Litt statistikk

Share

Er det nokon som les Setesdalswiki?

Det er eit spørsmål eg av og til stiller meg sjølv. I tunge stunder tenkjer eg at Setesdalswiki bare er ein hobby for meg som likar å skrive av og til.

Kan hende skulle eg heller ha skrive memoarar. Eg fekk ei oppmoding om det for ei tid sidan, men slo det bort som lite aktuelt. Eg er nok betre på sakprosa enn på skjønnlitterær produksjon og om ein tekst med opplevingar skal leve, må han nok ha meir skjønnlitterær kvalitet enn eg kan gi han.

Men så tok eg ein titt på Statistikken til Setesdalswiki. Den syner at i august var det 9844 unike gjester, altså tett på 10.000, som hadde funne noko på nettstaden. Det er det høgaste talet til no i år. Dei besøkte 142.300 sider. I snitt er 562 besøk kvar dag. Dei ser på mellom ni og ti sider. Eg tvilar nok på om mine memoarar ville engasjert så mange lesarar, så eg gjer nok rett med å halde meg til sakprosa.

Eg må jo også tenke på at regionen eg skriv om, ikkje er den mest folkerike på Agder og at han ikkje utmerkar seg med særleg vekst i folketalet. Siste året gjekk folketalet ned, det var auke på 35 i tre kommunar, men reduksjon på 65 i tre andre kommunar, etter det eg kunne lese i Setesdølen torsdag. Det betyr 30 færre.

Om Setesdalswiki er med på å få folk til å bu i regionen, tvilar eg nok på. Men om nokon vurderer å flytte til Setesdal, vil dei i alle fall finne mykje informasjon ved å leite rundt på nettstaden, så noko godt kan det sikkert vere med at eg held på med skrivinga mi.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *