Min sjel lov Herren

Share

Då eg i kveld høyrde på Valle Radio, kom eg inn i Sangtimen og fekk med meg desse sangane:

  • Juan Francisco Petriarena «Xenpelar», Naomi Shemer: «Jerushala’im shel zahav» med Viktor Klimenko på albumet Jag har hört om en stad (2011).
  • Stephen Adams, Frederic Weatherly (overs. Thorleif Larsen): «Den hellige stad» med Peder Alhaug trolig med KFUM-koret «Sela» – Oslo dirigert av Dag Kristoffersen og akkompagnert av Rolf Holger på albumet Jeg har hørt om perleporten (1958).
  • «Psalm 25 vers 2 en 6» med Massale samenzangkoor Bovenkerk Kampen dirigert av Jan Quintus Zwart, akkompagnert av Willem Hendrik Zwart på albumet «Looft, looft verheugd den Heer der Heeren» – Geliefde psalmen, deel 1 (2011).
  • Trad: «Min sjel, min sjel, love Herren» med Kirsten Flagstad, akkompagnert av Sigvart Fotland på J.H. Jørgensen-orgelet i Ris kirke i Oslo. På albumet Kirsten Flagstad edition – The Decca recitals (2012).

Mellom to av desse kom også fødselsdagshelsing til meg, no er det over ei veke sidan, men det var jo ei hyggeleg overrasking.

Vidare ut over kvelden var det aktuell time med Bjørn Sigurd Glorvigen om stevseminaret som skal vere på Hovden til helga, Ingebjørg Berstad Torp, som er regionleiar i Normisjon fortalde om arrangement dei skal ha i Lyngdal til helga der bedehuset skal stå i fokus og Odd Inge Rønning Uleberg snakka om valgsendinga som skal vere i Valle Radio i morgon frå klokka 18.

Så kom Niklos K. Besteland i studio og presenterte musikk av Anton Bruckner. Det var flott musikk og ukjent for meg:

  1. Locus iste. Motett for firstemmig kor. Koret i St. Bride’s Church i London. Dirigent Robert Jones
  2. Ave Maria. Motett for firstemmig kor. Koret i St. Bride’s Church i London. Dirigent Robert Jones
  3. Vorspiel und Fuge i c-moll. Organist: Heinz Lohmann (Berlin). Orgel: Jesuittenkirche i Mannheim
  4. Tantum ergo. Motett for firstemmig kor. Koret i St. Bride’s Church i London. Dirigent Robert Jones
  5. Christus factus est. Motett for firstemmig kor. Koret i St. Bride’s Church i London. Dirigent Robert Jones

Overskrifta i kveld var Min sjel lov Herren. Sendinga i kveld ga grunnlag for slik takksemd. Haustsesongen i Valle Radio er starta. Vi har mykje å glede oss til framover på tysdagskveldane og onsdagskveldane.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *