Neppe gjort

Share

I natt låg eg og tenkte, det gjer eg ofte før eg sovnar. I sommar fekk eg Norges Bebyggelse Aust Agder Vestre del. Der er alle husa som var i Hylestad kommune i 1954. Det er om lag 160 hus.

For kvar eigedom står det kven som eig han og om det er landbrukseigedom, står det storleik på besetning. Om eg sette opp ein tabell, ville eg finne ut kor mange kyr og sauer dete var i Hylestad då boka vart laga.

Så kunne eg gjere det same i Valle og lage ei samanlikning. Den kunne gje grunnlag for ein artikkel i til dømes Setesdal og Setesdølar eller andre tidsskrift eller blad.

Men det blir neppe gjort. For det fyrste måtte det vere meir av ein forskar i meg enn det er. For det andre er det neppe nokon som er interessert i ei slik oppstilling.

I det heile kunne ein finne ut mykje om ein gjorde slike studiar på tvers av eit materiale. Men så var det å gjere det. I dag har vi rekneark som kunne nyttast til eit slikt prosjekt. Ein kunne setje opp gardsnummer og bruksnummer nedover og folk og dyr bortover og får mykje interessant å samanlikne. Då ville ein nok få eit bilete av den store utviklinga som har vore på dei 60-70 åra som har gått sidan boka vart laga.

Men det blir neppe gjort.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *