Nytt hundretal

Share

Setesdalswiki veks sakte i sommartida. I går runda vi eit nytt hundretal, så no manglar det knapt hundre på 91.000 artiklar.

I dag tenkte eg at om vi hadde vore mange til å skrive, kunne vi laga artiklar om dei 2000 som deltek på Landsskytterstevnet på Evje denne veka. Det har jo vore slik på Setesdalswiki at vi kan skrive om det meste når det er relatert til Setesdal, og folk på LS 2019 på Evje har jo ein slik relasjon.

Men det er jo ikkje råd å realisere, så kan hende eg må nøye meg med Kongelaget eller noko slikt. Det får vi sjå etter kvart.

I dag har eg vore litt oppteken av komponistar og sangforfattarar på  plata Dyp av nåde som Odd Dubland har laga. Det vart ein artikkel om Thorleif Holm Glad, komponisten og misjonsforstanderen i Det Norske Misjonsforbund. Misjonsforstander er det same som generalsekretær i den organisasjonen.

Eg har jo  vore oppteken av at det er lite nettbasert leksikonstoff relatert til det kristne kulturarbeidet her i landet, så om Setesdalswiki kan bøte litt på det, synest eg det er fint. At vi går ut over grensene for Agder vil jo då skje av og til, me det får vi ta med som bonus.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *