Overrasking

Share

I kveldinga i dag dukka ein mann opp i hagen. Reidun sat ute på terrassen då han kom.

-Er Harald heime?

-Ja, han sit inne, du må bare gå inn.

Der dukka Eddie Vigesdal opp. Han var på søskenbarntreff hos naboen og då Hans Kyllingstad fortalde at eg budde i nabohuset, ville han ta ein tur og besøke meg.

Eg gjekk på skulen med Eddie, han budde rett over gata for meg. Medan eg reiste ut, heldt han seg på Ålgård og jobba på DFU i mange år, eg trur han sa 18 år. Deretter vart det Kvadrat, i to av konfeksjonsbutikkane der. Der hadde han arbeidd i 25 år før han vart AFP-pensjonist då han var 62.

Eddie hadde eit sterkt engasjement for Ålgård Fotballklubb og det fører han vidare i Seniorklubben deira. Dei har møter kvar veke og samlar eit trettital godt vaksne supporterar. På spesielle møte kan dei doble talet.

Vi snakka litt om familien, dei hadde som oss, fire barn, men alle hans budde like i nærleiken i motsetnad til våre som har heimane sine fleire timars kjøring frå heimen vår.

Eddie var også engasjert i å hindre at den gamle kyrkja på Ålgård ikkje vart riven. I dag er den leigd ut til ein serbokroatisk kyrkjelyd. Det er ikkje så mange i Gjesdal eller på Ålgård, men når ein samlar alle på Jæren, blir det nok til at dei kan dekke kostnadene med vedlikehald av kyrkja og dei har fått ein langsiktig avtale der.

Så måtte han tilbake til søskenbarntreffet. Men det var ei hyggeleg overrasking. Takk for at du stakk innom.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *