På leiting

Share

Eg har aldri vore god til å leite. Eg kikkar meg rundt, og når eg ikkje ser det eg leitar etter, så er det borte.

Reidun går meir systematisk til verks. Første spørsmålet er -Kor hadde du det sist?

For ei lita veke sidan hadde eg vore ein tur i Sørlandsparken og hatt service på bilen. Då eg kom heim, skulle eg låse bilen, så eg tok handa i lommen for å trykke på nøkkelen, i våre dagar er jo alt så enkelt.

Problemet er at bilen min ikkje treng nøkkel i ein lås for å starte. Han må bare vere i bilen, så trykker du på Start/Stopp og så startar eller stoppar han. Dermed kan ein legge nøkkelen i setet eller i lommen eller ein annan stad og likevel kome seg av garde.

No var eg heime og nøkkelen var borte.

Eg kom meg inn og fortalde kva som hadde hendt. Reidun kjenner meg så godt at ho visste at mi leiting ikkje er av glupaste slaget, så ho gjekk ut for å leite, ho med. Men etter ei stund kom ho inn att. Nøkkelen var framleis borte.

-Vi må i det minste låse bilen, sa ho. -Eg starta han, og han starta, så nøkkelen er truleg i bilen og om vi ikkje låser han, kan kven som helst stikke av med han.

Så reservenøkkelen kom i bruk og bilen vart låst.

Så gjekk dagane. Ho var fleire gonger ute for å leite, men nøkkelen var borte.

-Eg treng ei lykt, sa ho i dag og gjekk ut for å ta ein ny runde.

Med lykta kunne ho sjå at under skinnen som setet går på, var det eit hol og der var det eit anna skin når ho bruka lykta. Konklusjon:

-Der er han!

Ei heklenål vart redningen. Fingrane var for korte, men med ei lang hakkenål klarte ho å lirke han fram. No ligg han her på bordet. Men han har fått ein nøkkelring, han er ikkje lenger heilt aleine. Med ein slik ring bør han bli lettare å finne neste gong, sjølv om mitt håp er at det ikkje blir nokon neste gong og at eg kan halde styr på han i framtida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *