Politiske lister

Share

Sist veke hadde Setesdølen eit intervju med Georg Sørmo. Han står øverst på SP-lista i Valle 2019 og er dermed partiet sin ordførarkandidat.

Eg hadde ikkje artikkel om Georg Sørmo på Setesdalswiki, men intervjuet gav litt informasjon om han, så eg laga ein liten artikkel. Men det var fleire andre på den lista som ikkje hadde artikkel på Setesdalswiki, så i løpet av dagen rota eg rundt litt på Internett og fann så pass at eg kunne lage artiklar om alle.

-Trur du eg klarar å lage artiklar om alle kandidatane til kommunevalet? spurde eg Helge i dag.

-Bare Valle, eller heile Setesdal?

-Heile Setesdal.

-Det blir nok vanskeleg, det er jo ganske mange lister og fire kommunar.

Men det er viktig å setje litt ambisiøse mål, så eg trur eg vil prøve. På den lista som no er blå, er det 12 namn. Seks var blå før eg starta, så det var bare seks nye artiklar som skulle til for at alle hadde fått sin artikkel. AP-lista er verre, der er trengst det åtte artiklar. Og når det gjeld Evje og Hornnes, er det enda fleire namn på listene og langt fleire røde namn.

Det er jo eit problem at det ofte er lite leksikonstoff å finne om dei ulike folka. Men eg får prøve å lage artiklar ut av det stoffet eg finn, og så kan ein jo plusse på meir om dei skulle bli valde til verv som gjer at det vert avisartiklar om dei. Vi får sjå etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *