Prester i Den norske kirke

Share

Med åra har det blitt ein del artiklar om prestar på Setesdalswiki. Nesten 100, for å vere litt meir konkret. Det er ikkje unaturleg for eit slikt lokalt leksikon som Setesdalswiki, for prestar er sentrale personar i lokalsamfunna.

Difor var det med stor interesse eg oppdaga boka Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater då eg var innom på NMS Gjenbruk i Lyngdal denne veka. Det var 7. utgave av Norges Geistlighed og kom ut i 1974. Den første kom ut i 1885 og hadde ca 1500 namn, den boka eg fekk tak i hadde 2200 namn.

Ei av dei som stod i kassa i butikken vart veldig interessert då eg kom og skulle betale. Ho begynte å bla i boka for å finne ut om konfirmasjonspresten hennar var omtalt der. Men ho fann han ikkje,, truleg var han død før 1977, for ho var konfirmert tidleg på 1960-talet og hennar kull var det siste han hadde før han vart pensjonist.

Når eg no har bladd litt i boka, ser eg at det er informasjon om prestar som har vore i Setesdal og som eg ikkje har artiklar om på Setesdalswiki enno, så etter kvart får eg nok bruke boka til å lage nokre nye artiklar.

Det slår meg at dei fleste personane som er omtalte i boka, no er anten pensjonistar eller døde. Slik sett er det nok eit problem å finne informasjon om dei framleis lever når eg skal skrive mine små biografiar. Men det problemet får eg løyse når det kjem. Det var ei interessant bok å få tak i.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *