Respons

Share

Det er alltid moro å få respons på det ein skriv på bloggen. Gårsdagens bloggpost enda opp med seks kommentarar. Ein av dei var frå min gode kollega i Valle Vaksenopplæring, Øystein. Han skulle gjerne hatt eit eksemplar av boka eg skreiv om, Norges Bebyggelse Aust-Agder vestre del.

Det kan eg jo godt skjøne, for då ville han funne huset han bur i der oppe i Berg. Når eg ser på biletet av huset, ser det plent ut som i dag, med epletre i hagen framom.

Øystein har den finaste utsikta ein kan ha, tenkjer eg ofte her eg bur i ein sving midt i skogen i Mandal. Å stå i tunet i Berg og sjå ut over Hylestad, det er rein nyting.

I dag var det ein filosofisk debatt i P2 der programleiaren lurte på om det ligg i genene våre at naturen er vakker. Filosofiprofessoren meinte at det nok var det, for nesten same kva ein ser av urørt natur, så seier ein at det er vakkert.

Eg fkk desverre ikkje med meg så mykje meir av samtalen i Ekko eller kva programmet nå heiter, for eg skulle til frisøren. Då eg kom ut derifrå, var eitt års hårmanke borte, så no er eg klar for å ta imot søsken som vil ha ein sørlandstur til helga. Det blir stor glede å sjåast att. Det blir kortreist mat på menyen, for rådyret vi skal ete har beita i hagen vår og nytt godt av nedfallsfrukt frå epletrea. Vi burde vel hatt tilslørte bondepiker til dessert den dagen, slik at gjestene kunne smake på epla som rådyra likar så godt, men vi får no sjå kva som kjem på bordet når tida er inne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *