Stille att

Share

Etter fem veker med barn og barnebarn heime på Sørlandet, var det stille att i dag. I går reiste dei siste tilbake til jobb og etter kvart er det også skole.

Det har vore fine dagar. No går vi over i ein ny fase. Sommarfolka la att bøker dei hadde lånt på biblioteket, så i går tok eg ei av dei og sette meg til å lese. Det er ikkje så ofte eg les bøker lenger, det meste av lesinga mi er vel helst for å skrive litt på Setesdalswiki. Men det var moro å dukke inn i ei heilt anna verd nokre timar.

Når det vart så stille, måtte eg finne fram nokre CD-plater og lytte til litt musikk. Sjølvsagt kunne nok spotify dekke behovet, men eg leita meg fram til plater som spotify ikkje har. Med høyretelefonar kan eg så ha god lyd utan å forstyrre andre. Det er jo kjekt.

Aktiviteten på Setesdalswiki er vel ikkje så stor for tida. Geir er nok mest oppteken av Landsskytterstevnet på Evje og OpplevEvje sitt informasjonskontor, så han er heller ikkje så aktiv. Men etter kvart vil det nok ta seg opp att litt. I dag fann eg nokre gamle aviser og fekk sjekka nokre fødselsdagar. Når dei var rette, syner det jo ikkje at eg har gjort ein sjekk, så sjølv om det ikkje er så mange redigeringar, kan det vere nokre kontrollar som også tek tid.

Så blir det etter kvart kaldare og meir høveleg ver for å skrive litt. Dei må ha det varmt i feltuniform på skytebanen på Evje desse dagane.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *