Tomat

Share

Jordbær er på hell og bringebær går kanskje også mot slutten. Men eit bær har liten sesongvariasjon og kan kjøpast heile året: Tomaten.

Denne sommaren har eg hatt tomat på menyen til alle måltider, så å seie. Ikkje så ofte til middag, men eg tek gjerne ein tomat eller to før måltidet.

I ungdommen seilte eg som dekksgutt på ein fjordabåt i Ryfylke, Jøsenfjord. Då frakta vi mykje tomatar frå tomatdyrkarar på øyane til Stavanger, der grossistar henta dei og distribuerte dei vidare. Den gongen åt eg tomat med litt sukker på, og det er framleis godt, men han kan like gjerne etast utan noko tilsetting.

Eg har ein kuttar som kuttar han opp i små terningar. Eg deler tomaten i to og legg han i kuttaren. Bang! Katten, som sit og ventar på å kanskje få litt frå måltidet vårt, pilar ut når det smell. Fire smell på to tomatar, og så kan ein ete det heile med skei før måltidet startar. Då treng ein i grunnen bare ei skive, så er ein mett.

Om eg skulle få lyst på noko mellom måltida, er det lett å ty til ein tomat då også. Søte og gode ligg dei i ei skål på kjøkkenbordet. Før kjøpte vi tre-fire tomatar, no går det helst i kilovis.

Også agurk kan kuttast i den kuttaren eg brukar til tomatar, men den er ikkje så velsmakande, så det blir helst som agurksalat til middag, for eksempel til laks.

Ta deg ein tomat, du også!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *