Tre dagar

Share

Å feire bursdag tre dagar til ende, det er jo litt overdådig når ein rundar 72. Rett nok er det eit spesielt tal, 6 x 12, til saman er eg og Reidun 144, men likevel.

I dag var søster Solvor og mannen Gaute saman med søskenbarn Brit, alle frå Varhaug, på besøk. Dei fekk jegergryte med rådyr til middag og etter ein god prat og ein tur ut, vart det kaffi og kake. Så når det gjeld kake har det vore tre sjeldne dagar.

Men mest sjelden var nok gårsdagen, for då hadde eg kjøpt med meg heim sushi då eg var i Sørlandsparken. Det hadde vi aldri smaka før, korkje eg eller Reidun.

Eg var nok litt spent på kva ho kom til å seie og om ho kom til å like det, ja eg var spent på det sjlv også. Men i god tru hadde eg kjøpt eit stort brett, det skulle vere nok til to, meinte ho som selde det. Då eg fortalde Rønnaug om det, meinte ho at så mange bitar ville vere nok til to dagar.

Men det var det ikkje, for vi la i oss alt saman. Ris og fisk i ulike variantar, laks, kveite og tunfiskk. Det kunne knapt bli betre etter mi meining.

Men no er vel bursdagsfeiringa over for denne gong og ein kan finne tilbake til ein litt meir normal kvardag. Men det har vore tre fine dagar som eg er svært takksam for at eg fekk oppleve.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *