Tusen takk!

Share

Tusen takk for alle helsingar i høve bursdagen min i dag. Facebook har gitt fødselsdagar ein ny dimensjon, for den nettstaden formidlar helsingar frå venner og kjente i sør og nord, innanlands og utanlands.

I tillegg hadde tre av søskena mine med ektefeller bebuda at dei ville kome på besøk om dei fekk invitasjon, og då fekk dei jo den prompte, dei kom til middag med rådyrsteik, skote av naboen for ei veke sidan.

Og så var det eit kakebord som kunne overvelde ein kakemons: Ole Bulls ostekake, suksessterte, nøttekake med mokkakrem og Gunbjørgs marsipankake. Fire runde kaker på åtte personar, då vart det jo ein dag som kunne glede mange.

Gjennom dagen har eg prøvd å trykke liker på alle helsingane eg fekk. Om eg har rukke over alle, veit eg ikkje, men det er klart at ein får ein boost av å tenke på alle dykk som skriv ei linje og akkurat då sender gode tankar og ønsker mot eit gult hus på Eskeland utanfor Mandal og ein noko gammal gubbe som bur der.

Rundt kakebordet gjekk praten. Søstrene mine er svært så taleføre, særleg når det gjeld strikking. Då dei vaks opp, var det ikkje lov å strikke på søndagar heime, så dei føler at dei har mykje å ta att. Eg er ikkje sikker på om det var så mykje strikking når alt kom til alt, men å sjå kva dei andre lagar og å diskutere mønster og produkt, det gjev også stor glede. Då falt nok vi mannfolka noko ut av samtalen, men det er jo koseleg å bare sitje og høyre på damene og sjølv ta ein liten slurk kaffe av og til.

Så er ein ikkje minst takksam for livet, at både eg og Reidun har fått ha helse slik at vi kunne ha ei slik samling. Vi er velsigna.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *